Om prosjektet

Søreidegrenda er eit relativt nytt boligprosjekt på Sandane. Vi er i ferd med å bygge om eksisterande bygg til 32 heilt nye leilegheiter. Av desse er allereie 7 leiligheter overlevert og folk har flytta inn. Vi har no for sal ei innflyttingsklar leilighet på 69 m2 samt 7 rekkehus leilegheiter over 2 plan på 94 m2 som byggast heilt nye. Avhengig av salet kan desse leverast i byrjinga av 2024. I løpet av 2023 vil vi legge ut ytterlegare 8 leilegheiter mellom 37 og 74 m2 som vil vere innflyttingsklare i løpet av våren 2024. Alle leilegheitene er moderne med livsløpsstandard, og vil vere klare til innflytting utan eigeninnsats ved overtaking. Området er barnevennlig.

Situasjonsplan, planteikning og illustrasjonsplan

Om leilegheitene

Leilegheitene er gjennomgåande lyse og lette med god standard og moderne fargar og materialval. Lys parkett eller laminat på golv, lyse slette flater i tak og veggar og med listefri overgong mellom vegg og tak. For stove/kjøkken og soverom er det også listefrie vindaugskarmar og dørkarmar. Tiltalande kjøkkeninnreiingar frå Epoq (eller tilsvarande kvalitet) med integrerte kvitevarer. Lekre bad i delikate fargar med flis på både golv og vegg, vegghengt wc, og vask i skuffeinnreiing. Dei fleste bad har innfellbare dusjveggar. I tillegg har alle leilegheitene romsleg terrasse med utgang frå stove, det vert oppført leveggar mot nabo som gir ein skjerma uteplass.